Gå til innhold
Meny

Arbeidsmiljøet i Noreg og EU – ei samanlikning

Formålet med den europeiske arbeidsmiljøundersøkinga (EWCS) er å overvake status og trendar i arbeidsforholda og identifisere grupper med særlege arbeidsmiljøutfordringar. I den norske rapporten ser vi på likskapar og forskjellar i arbeidsmiljø og -helse i Noreg og EU. Hovudkonklusjonen er at arbeidsforholda i Noreg er gode, samanlikna med EU, sjølv om det også i Noreg er utfordringar.

Samandrag

Rapporten omtalar resultat frå den sjuande EWCS-undersøkinga om arbeidsmiljø og arbeidshelse blant sysselsette i Europa. Undersøkinga blir gjennomført omtrent kvart femte år, og i 2021 vart om lag 72 000 sysselsette i 36 europeiske land intervjua over telefon om ei rekke arbeidsmiljøforhold. Rapporten samanliknar kva sysselsette rapporterer i Noreg, i nabolanda Sverige, Danmark og Finland, og i alle EU-landa samla.

Undersøkinga som rapporten bygger på vart gjennomført mens covid-19-pandemien herja i Europa, noko som har prega både datainnsamlinga og moglegheitene til å gjere samanlikningar med tidlegare undersøkingar. Rapporten gir oss likevel eit unikt høve til å samanlikne arbeidsmiljøtilstanden i Noreg og EU under pandemien.

Resultata syner, på same vis som i tidlegare undersøkingar, at sysselsette i Norge samla sett har et godt arbeidsmiljø, prega av trygge jobbar og gode arbeidsforhold.

Norsk arbeidsliv er kjenneteikna av høg sysselsetting, låg arbeidsløyse og ein høgt utdanna arbeidsstyrke. Sysselsette i Noreg har i snitt kortare arbeidsveke enn sysselsette i EU, men om me tar omsyn til delen som er i arbeid, er gjennomsnittleg tid brukt til arbeid per innbyggar høgare i Noreg enn i EU. Få land har høgare kvinneleg yrkesdeltaking enn Norge, men ein høg del kvinner i Norge jobbar deltid. Samanlikna med gjennomsnittet for EU rapporterer sysselsette i Noreg sjeldnare dårleg balanse mellom arbeid og privatliv.

Sysselsette i Noreg har samla sett høgare jobbkvalitet enn sysselsette i EU. Sjølv om sysselsette i Norge oftare rapporterer om at dei må arbeide i høgt tempo eller at arbeidet er styrt av kundar eller leverandørar, rapporterer dei også om betre moglegheiter for å påverke og bestemme over eige arbeid enn EU-gjennomsnittet. Norge er landet kor sysselsette i aller høgst grad rapporterer om moglegheiter for medverknad gjennom fagforeiningar, tillitsvalde, verneombod eller faste møter kor tilsette kan uttrykkje sitt syn på arbeidsmiljøet i verksemda. Det er òg ein høg del i Noreg som seier dei har kollegaer og leiarar som bidreg med støtte i arbeidet.

På same tid finst utfordringar og forbetringspotensiale. Sysselsette i Noreg rapporterer i større grad enn EU-gjennomsnittet om negative sosiale forhold som utskjelling, truslar, uønskt seksuell merksemd, mobbing, trakassering eller vald i samanheng med arbeidet sitt. Det er også en høgare del av dei sysselsette i Noreg enn i EU som har opplevd diskriminering på jobben det siste året.

Sjølv om sysselsette i Noreg samla sett rapporterer lågare førekomst av mekaniske, fysiske, kjemiske og biologiske eksponeringar på arbeidsplassen, rapporterer dei om høgare førekomst av tunge løft, løfting eller flytting av menneske og handsaming av potensielt smitteførande materiale.

Samanlikna med EU, rapporterer sysselsette i Noreg om høgare førekomst av muskelsmerter i skulder, nakke eller armar, men lågare førekomst av ryggsmerter og muskelsmerter i beina. Førekomsten av kroniske plager er høgare hjå sysselsette i Noreg enn i EU, noko som kan indikere eit meir inkluderande arbeidsliv i Noreg. Relativt fleire kvinner enn menn rapporterer om kronisk sjukdom eller helseplager, ein kjønnsforskjell som er tydelegare i Noreg enn i EU.

Undersøkinga viser at sysselsette i Noreg har betre psykisk helse enn gjennomsnittet for sysselsette i EU. Noreg er blant landa med lågast førekomst av sjølvrapportert angst, og det er ein lågare del av dei sysselsette i Noreg enn i EU som er mentalt utmatta etter jobben. Når det gjeld sjølvrapportert mental velvære er sysselsette i Noreg på nivå med EU-gjennomsnittet. Delen sysselsette som seier at eiga helse er i fare på grunn av arbeidet er litt lågare i Noreg enn i EU.