Gå til innhold
Meny

Faktabok om arbeidsmiljø og helse

I rapporten Faktabok om arbeidsmiljø og helse gir STAMI ei samla oversikt over tilstanden for arbeidsmiljø og arbeidshelse blant sysselsette i Noreg, og ei oversikt over kva arbeidsmiljøutfordringar ein står overfor i ulike nærings- og yrkesgrupper. Den gir såleis både arbeidsmiljøstyresmaktene, partane i arbeidslivet og verksemdene ein peikepinn på kva for nokre kunnskapsbaserte prioriteringar dei bør gjere framover.

Faktaboka skildrar status og utviklingstrekk basert på ulike indikatorar som er forankra i internasjonal og nasjonal forsking på samanhengen mellom arbeidsmiljø og helse. Rapporten byggjer på spørjeskjemadata og registerdata, som er samla inn frå ulike nasjonale dataleverandørar og utgjer eitt sentralt kunnskapsgrunnlag for det systematiske og kunnskapsbaserte førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet i Noreg.

Samandrag

Både i Europa og Noreg er arbeidsmiljøet løfta fram som eit viktig verkemiddel for å sikre eit berekraftig arbeidsliv kor flest mogleg kan komme i jobb og færrast mogleg fell ut. I 2019 var talet på personar i arbeidsstyrken om lag 2,8 millionar, tilsvarande vel 70 prosent av befolkninga. I alt 3,7 prosent av arbeidsstyrken var arbeidsledig. Andelen utanfor arbeidslivet er størst blant unge og eldre, og er også knytt til utdanningslengd og innvandrar-bakgrunn. Både sjukefråværet og fråfallet er relativt høgt i mange næringar med førebyggingspotensial knytt til spesifikke arbeidsmiljøforhold.

Ny teknologi blir innført i store delar av arbeidslivet og påverkar ulike næringar ulikt. Innhaldet og organiseringa av arbeidet blir endra oftare og raskare og stiller endå større krav til dei sysselsette sin kompetanse og ferdigheiter som læringsevne, samarbeidsevne og endringsvilje. Pandemien kan ha verka som ein katalysator for desse endringane, og det siste året har fjernarbeid og digital samhandling auka i omfang og påverka arbeidsmiljøet på ulike måtar. I eit arbeidsliv i omstilling er det viktig å ta vare på dei positive sidene i arbeidsmiljøet, samtidig som ein avdekkjer både etablerte, nye og framveksande risikoforhold.

Arbeidsmiljøet blir påverka både av små og gradvise, og store, omfattande endringar over tid. Norske sysselsette rapporterer høg grad av jobbtilfredsheit og motivasjon. Arbeidsmiljøet blir kjenneteikna ved høge krav og omorganiseringar, men dei fleste opplever også stor grad av sjølvråderett, gode høve til utvikling og høg grad av støtte frå kollegaer og leiarar. I den siste treårsperioden har det vore ein auke i førekomsten av omstillingar, rollekonfliktar og ubalanse mellom innsats og belønning. Det har også vore ein auke i andelen som rapporterer om uønskt seksuell merksemd, særleg i den yngste aldersgruppa. Samtidig er vald og truslar framleis utbreidd i mange yrke, særleg i helse- og sosialsektoren. Utviklinga når det gjeld tradisjonelle eksponeringar som tunge løft, vibrasjonar, sterk støy og innanding av kjemiske og biologiske stoff kan ein i hovudsak skildre som stabil. Desse eksponeringane er framleis utbreidde i mange yrke, særleg i primærnæringane, industrien, og bygg og anlegg, der det har vore vekst i sysselsetjing og ein stor del av dei sysselsette er ikkje-busette arbeidsinnvandrarar. I kommande år vil mange næringar og jobbar bli endra i møte med krava til ein grønare økonomi.

Arbeidshelsa omfattar både utbreidde helseplager som rammar mange og meir alvorlege yrkessjukdommar og arbeidsskadar som rammar færre. Muskel- og skjelettlidingar utgjer den største diagnosegruppa, men psykiske lidingar som medisinsk årsak til både sjukefråvær og uføretrygd har auka mest dei siste åra. Desse diagnosegruppene står for meir enn 60 prosent av sjukefråværet. Symptom frå lunger og luftvegar er framleis det som oftast blir utgreidd ved dei arbeidsmedisinske avdelingane, og dei viktigaste arbeidsrelaterte tilstandane er astma og kols. Kontakteksem er den vanlegaste arbeidsrelaterte hudsjukdommen, og førekomsten av hudplager er uendra over tid. Årleg melder lege inn nær 80 nye tilfelle av arbeidsrelatert kreft til Register for arbeidsrelatert sjukdom. Arbeidsskadar har framleis høg førekomst i fleire næringar, og unge menn og utanlandske arbeidstakarar er særleg utsett. Støyskadar er den arbeidsrelaterte sjukdommen som hyppigast blir meld til Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

Sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet er viktige parameter i det inkluderande arbeidslivet. Sjukefråværet har i hovudsak vore relativt stabilt dei siste åra, men nivået varierer mykje mellom næringar. Innanfor IA-avtalen (2019–2022) har partane i arbeidslivet definert sju utvalde bransjar der det er sett i gang målretta arbeidsmiljøtiltak for å redusere sjukefråvær og fråfall. Bransje-spesifikke utviklingstrekk viser at andelen som rapporterer enkelte psykososiale arbeidsmiljøfaktorar har auka i fleire av næringane den siste tiårsperioden. Andelen som opplever at dei er psykisk utmatta etter jobb er aukande i fleire av næringane, og utviklinga indikerer også ein auke i førekomsten av arbeidsrelaterte psykiske plager. Dette støttar opp under behovet for førebyggjande arbeidsmiljøarbeid i desse næringane, men analysane våre viser også eit behov i andre utsette næringar.

Førebyggingspotensialet knytt til spesifikke arbeidsmiljøfaktorar kombinert med faktaskildringar av arbeidsmiljø- og helseutfordringar i ulike næringar, gir eit godt kunnskapsgrunnlag for primærførebygging på arbeidsplassen. Dei fleste norske verksemder gjennomfører regelmessige risikovurderingar av eige arbeidsmiljø og oppgir at dei jamleg diskuterer arbeidsmiljø med tillitsvalde og verneombod. Dette er eit godt utgangspunkt for førebygging, men samtidig er det store skilnadar mellom verksemder i ulike næringar, der ein også står overfor ulike arbeidsmiljøutfordringar. I utsette næringar og yrke er det ein tydeleg opphoping av både arbeidsmiljøeksponeringar og helseproblem, sjukdom og arbeidsskadar, noko som indikerer eit stort førebyggingspotensial.