Gå til innhold
Meny

Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø frå Statistisk sentralbyrå

Data frå Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø (LKU-A) er samla inn av Statistisk sentralbyrå (SSB), og er tilrettelagt og stilt til disposisjon i anonymisert form av Norsk senter for forskningsdata (NSD). Verken SSB eller NSD er ansvarleg for analyse av data eller tolkingar som er gjort av STAMI, NOA.

Levekårsundersøkingane med tema arbeidsmiljø (LKU-A) er intervju-undersøkingar som Statistisk sentralbyrå gjennomfører kvart tredje år i eit representativt utval av den norske befolkninga, sist gang i 2019. Undersøkinga har som mål å kartlegge ulike arbeidsmiljø- og helseforhold blant sysselsette i Noreg.

Datasettet er utstyrt med vekter som tar omsyn til at svarprosenten varierer med alder, kjønn, bustad (landsdel) og utdanningsnivå, og det er vekta resultat som blir presentert. I 2019 var det om lag 11.200 personar som deltok i intervjuundersøkinga. Svarprosenten har variert over tid, frå 67 prosent i 2006, til 53 prosent i 2013 og 2016, og sist 57 prosent i 2019.

Data vart samla inn i perioden august 2019 til mars 2020. Kun ein liten del av intervjua vart gjort rett i etterkant av nedstenginga av Noreg, som følgje av korona-pandemien. Intervjuarane fekk instruksar for å sikre riktig registrering av arbeidstakarar som var permitterte eller heime med barn på grunn av korona i denne perioden.

Fleire detaljar om undersøkinga i 2019 kan du lese i dokumentasjonsrapporten på SSB sine nettsider.