Gå til innhold
Meny

Arbeidskraftundersøkinga

Data frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) er innsamla og tilrettelagd av Statistisk sentralbyrå (SSB).

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) er ei undersøking som Statistisk sentralbyrå gjennomfører årleg og kvartalsvis. Frå folkeregisteret blir det trekt ut fleire tilfeldige familie-einingar som til saman består av 24 000 personar (per kvartal) i den aktuelle aldersgruppa (15‒74 år). Kvart familiemedlem i denne alderen blir intervjua om tilknytinga si til arbeidsmarknaden i ei nærare spesifisert referanseveke, og deltar så i undersøkinga i alt åtte etterfølgjande gonger. Undersøkinga omfattar ikkje sysselsette i Noreg som pendlar inn frå utlandet, og heller ikkje sysselsette i Noreg med opphald i landet på mindre enn eit halvt år.

Formålet er å få informasjon om utviklinga i sysselsetjing og arbeidsløyse, og om tilknytinga til arbeidsmarknaden, arbeidstidsordningar osv. i ulike befolkningsgrupper.

Størrelsen på fråfallet, rekna i prosent av bruttoutvalet, har variert sidan AKU starta opp i 1972. Dei 20 første åra låg det stort sett rundt 10−12 prosent. I åra 1992−1997 var fråfallet særleg lågt, berre 6 − 8 prosent, for deretter å auke gradvis til 21 prosent i 2013, som er det høgaste fråfallet som er registrert. Den siste tiårsperioden har fråfallet lege mellom 15 ‒ 20 prosent, dvs. ein svarprosent på 80 ‒ 85 prosent.

AKU er, på same måte som Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø (LKU-A), utstyrt med vekter og det er det vekta resultatet som blir presentert.

SSB sine nettsider kan du lese meir om Arbeidskraftundersøkinga.