Gå til innhold
Meny

Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken

Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken blir produsert og lagt til rette av Statistisk sentralbyrå (SSB).

Statistikken beskriv sysselsettinga (sysselsette = lønnstakarar + sjølvstendig næringsdrivande) blant busette personar 15-74 år, som jobbar hjå ein arbeidsgivar i Noreg, per 4. kvartal (ei referanseveke i november). For sysselsette med fleire arbeidsforhold fastset ein eitt arbeidsforhold som det viktigaste. Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken er ei av fleire kjelder til offisiell statistikk om sysselsettinga (ssb.no).

Frå og med 2015 er A-ordninga hovudkjelda for informasjon om lønnstakarar i den registerbaserte sysselsettingsstatistikken. Sjølvmeldingsregisteret er hovudkjelda for opplysningar om sjølvstendige næringsdrivande. I den registerbaserte sysselsettingsstatistikken har ein næringsopplysningar om alle sysselsette, men yrke er berre registrert for lønnstakarar (ikkje sjølvstendig næringsdrivande). Det betyr at fordelingar etter yrke og fordelingar etter næring byggjer på ulike populasjonar.