Kreftregisteret
Kreftregisteret er eit sentralt helseregister som omfattar alle personar i Noreg som har eller har hatt kreft. Kreftregisteret er ein del av Folkehelseinstituttet og dermed underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.
Kreftregisteret får informasjon om nye krefttilfelle i Noreg fra legar som undersøker, behandlar og følgjer opp kreftpasientar i spesialist- og primærhelsetenesta, frå patologilaboratorier (analysesvar frå vevsprøver) og frå andre helseregister. Kreftregisteret er estimert å vere 99 prosent komplett for alle kreftformar samla.
Frå Kreftregisteret har vi fått utlevert årleg statistikk over tal på nye tilfelle og årlege aldersjusterte insidensratar for den sterkt arbeidsrelaterte kreftdiagnosen mesoteliom (brysthinnekreft, diagnosekode ICD10: C45) etter kjønn og aldersgruppe. Tala er henta frå Kreftregisteret sine dynamiske databaser og kan difor skilje seg noko frå tala som finst i Kreftregisteret sine trykte publikasjonar.
STAMI er eineansvarleg for tolking og presentasjon av dei utleverte dataa. Kreftregisteret har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar.
Her kan du gå til statistikkbanken på Kreftregisteret sine nettsider.