Gå til innhold
Meny

Statistikken frå arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV)

Data er utlevert frå NAV. Analysar og tolkingar er utførte av STAMI, NOA.

Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) fører statistikk over velferdsordningar som sjukefråvær, alderspensjon og mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Vi har fått utlevert data om legemeldt sjukefråvær for lønnstakarar etter kjønn, alder, yrke, næring, varigheit og diagnose (ICPC-2). Data om status eitt år etter eit samanhengande langtidsfråvær (definert som meir enn 13 vekers lengd) er utlevert etter yrke, saman med data om oppbrukte sjukepengerettar. Vi har i tillegg fått data om sjukefråvær for kvinner i alderen 20−44 år, høvesvis gravide og ikkje-gravide, etter yrke. Frå NAV har vi også fått utlevert data på mottakarar av uføretrygd etter kjønn, alder, næring og diagnose (ICD-10). STAMI er eineansvarleg for tolking og presentasjon av dei utleverte data