Gå til innhold
Meny

Pasientutgreiingsregisteret ved STAMI

Pasientutgreiingsregisteret er eit register som inneheld anonyme data frå alle arbeidsmedisinske utgreiingar som er utført ved STAMI og dei fem andre arbeidsmedisinske avdelingane i landet (Universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo, samt ved Sjukehuset Telemark). Her gjer vi utgreiingar av samanhengar mellom yrkeseksponering og sjukdom.

Registeret vart oppretta i 2009, og føremålet er å få ei oversikt over utgreiingane og ulike karakteristika ved pasientane, som til dømes alder og kjønn, yrke og næring, eksponering og diagnose, samt ei vurdering av relasjonen mellom tilstanden og arbeid.

Ved utgreiingane blir diagnosen avklart av arbeidsmedisinaren sjølv, eller av ein organspesialist. Arbeidsmedisinaren vurderer mogleg relasjon til arbeidet ved å ta stilling til ei rekke spørsmål med omsyn til både eksponering og sjukdomsbilete. Ei slik utgreiing kan vere tidkrevjande, og ein må ofte hente inn detaljerte eksponeringsopplysingar og gjere supplerande undersøkingar før ein kan konkludere.