Arbeidstilsynet sitt Register for arbeidsrelatert sjukdom (RAS)
Legar har i samsvar med arbeidsmiljølova meldeplikt til Arbeidstilsynet om sjukdommar som legen går ut ifrå kan skuldast arbeidsmiljøet. Desse meldingane vert registrerte i Arbeidstilsynet sitt Register for arbeidsrelatert sjukdom (RAS).
Vi har fått årleg statistikk over meldingar om arbeidsrelatert sjukdom etter diagnosekode, kjønn, alder, yrke, næring og arbeidsmiljøfaktor. For å rekna ut ratar per sysselsett har vi nytta Arbeidskraftundersøkinga og registerbaserte sysselsetjingstal frå Statistikkbanken.
Arbeidstilsynet har også utlevert årleg statistikk over meldingar om arbeidsskadedødsfall i landbasert arbeidsliv.