Gå til innhold
Meny

Tilsynsmaktene

Innan arbeidslivet er det fire tilsynsmakter.

Dei fire er:

  • Arbeidstilsynet – for det landbaserte arbeidslivet
  • Petroleumstilsynet – for petroleumsverksemda
  • Sjøfartsdirektoratet – for verksemd knytt til sjøfart
  • Luftfartstilsynet – for verksemd knytt til luftfart

Dei to førstnemnde er underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Sjøfartsdirektoratet ligg under Nærings- og fiskeridepartementet, medan Luftfartstilsynet er underlagt Samferdsledepartementet.

Frå desse tilsynsmaktene har vi fått årlege data om arbeidsskadedødsfall fra deira respektive ansvarsområde. Analysar og tolkingar er gjort av STAMI, NOA.