Gå til innhold
Meny

Om STAMI og NOA

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskningsinstituttet innan arbeidsmiljø og arbeidshelse, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet.  STAMI skal produsere, foredle og formidle kunnskap om arbeid og helse gjennom å:

  • skape ny kunnskap gjennom relevante forskingsprosjekt.
  • ha oversikt over, og tolke, internasjonal vitskapeleg forsking.
  • overvake og avdekke utviklingstrekk og nye risikofaktorar i norsk arbeidsliv.
  • gjere kunnskap om risikofaktorar og førebyggjande verkemiddel kjent i norsk arbeidsliv.
  • bidra til at styresmaktene tar kunnskapsbaserte avgjerder.
  • utdanne og hjelpe bedriftshelsetenester og vernepersonell.

NOA er nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse ved STAMI, og har sidan etableringa i 2006 presentert utvikling og status for tilhøve i arbeidsmiljø som påverkar for arbeidshelse. Med utgangspunkt i etablert forskingsbasert kunnskap og nasjonal statistikk, presenterer NOA faktakunnskap om arbeidsmiljø- og helsetilstanden, sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet, i ulike yrke og næringar. NOA presenterer det nasjonale kunnskapsgrunnlaget kvart tredje år i «Faktabok om arbeidsmiljø og helse» og på denne nettsida.

Arbeidsmiljø handlar om sjølve arbeidet, og er knytt til korleis ein organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet. For å kunne presentere ei heilskapeleg oversikt, inkluderer denne nettsida faktakunnskap og statistikk om eit breitt utval arbeidsmiljøtilhøve.

Kontakt

NOA

E-post: noa@stami.no

Sentralbord

(+47) 23 19 51 00

E-post: postmottak@stami.no

Postadresse

Pb 5330 Majorstuen, 0304 Oslo

Besøksadresse

Gydas vei 8, 0363 Oslo