Gå til innhold
Meny

Metode for overvaking

Det nasjonale systemet for å overvake arbeidsmiljø og helse (NOA) skal, med utgangspunkt i etablert forskingsbasert kunnskap og føreliggjande nasjonale data, kontinuerleg arbeide med å definere og utvikle indikatorar. Indikatorane er eigna til å gi ei skildring av tilstanden og utviklinga knytt til arbeidsmiljø, arbeidsrelatert helse og systematisk førebyggjande arbeid.

Vi overvaker arbeidsmiljø- og helseindikatorar som er funderte på forskningsbasert kunnskap om samanhengar mellom arbeidsmiljø og helse. Følgjande kriterium vektlagt:

  • Risiko – sannsynet for at arbeidsmiljøfaktoren aukar risikoen for plager, sjukdom eller skadar
  • Utbreiing – kor stor del av sysselsette som er utsett for ein gitt arbeidsmiljøfaktor eller eit arbeidsrelatert helseutfall
  • Alvorsgrad – alvoret til helseutfallet
  • Førebyggingspotensial – i kva grad ein kan førebyggje helserisiko ved å gjere noko med arbeidsmiljøforholda

Ei samla vurdering av desse kriteria er avgjerande for å velje ut kva arbeidsmiljøforhold som blir overvakte. Det kan til dømes vere gode grunnar til å overvake eit arbeidsmiljøforhold sjølv om det er lite utbreidd i norsk arbeidsliv, dersom det er forbunde med svært høg risiko for alvorleg sjukdom – til dømes eksponering for asbest og risiko for brysthinnekreft.

På den andre sida er det ei rekkje døme på arbeidsmiljøforhold som gjeld mange, men har relativ låg risiko for sjukdom – til dømes å oppleve motstridande førespurnadar frå to eller fleire personar på jobb. På trass av låg risiko for utvikling av sjukdom kan det likevel vere viktig å overvake eit slikt arbeidsmiljøforhold, då det kan føre til at mange utviklar helseplager grunna det høge talet som er utsett for dette på jobb.

Datagrunnlaget som skildrar omfanget av ulike arbeidsmiljøfaktorar er i hovudsak samla inn ved spørjeskjemaundersøkingar stilt til representative utval av sysselsette. Dette gjeld mellom anna Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø (LKU-A), som er den viktigaste datakjelda vår når det gjeld arbeidsmiljøfaktorar. For mange typar arbeidshelseutfall er datagrunnlaget basert både på spørjeskjemadata og registerdata. Ved bruk av ulike datakjelder, som er samla inn på ulike måtar, må ein vere merksam på ulike feilkjelder som kan påverke resultata.

Ulike arbeidsmiljøeksponeringar og helseutfall kan vi måle med ulike metodar. Observasjonar eller bruk av måleapparat, kan vi til dømes bruke ved måling av visse fysiske eller mekaniske eksponeringar. Det kan vere støy, tyngde på objekt som blir løfta eller flytta på, og talet på løft, og av kjemiske eller biologisk eksponeringar, til dømes luftkonsentrasjon av støv og gassar i pustesona. Kliniske testar av til dømes lungefunksjon, blodtrykk eller høyrsel kan ein også utføre ved å bruke målemetodar som spirometer, blodtrykksmålar og audiometer. Registerdata er nyttig ved registrering av arbeidstid og visse typar arbeidsoppgåver. Både observasjonar og faktiske målingar av arbeidsmiljøet vil som hovudregel vere svært kostnadskrevende. For å kunne få fram representative data på nasjonalt nivå, legg vi til grunn identiske målingar på mange arbeidsplassar, som er representative for alle arbeidsplassane i landet.

Spørjeskjema (papir eller web) eller telefonintervju av eit representativt utval sysselsette som rapporterer om eige arbeidsmiljø og eiga helse, er ein metode som gir høve til å samle inn mykje data på kort tid. Denne typen spørjeskjemadata er vanlegvis basert på kva enkelpersonar svarer på eit sett standardiserte spørsmål, som er utvikla for å måle dei fenomena ein er interessert i. Samanlikna med måledata og registerdata vil likevel spørjeskjemadata i større grad kunne bli påverka av både individuelle og sosialt betinga eigenskapar, som referanserammer, oppfattingar, personlegdom, helsetilstand og funksjonsevne. Når målet er å sjå på kva gjennomsnittet av fleire personar som jobbar innanfor same yrkesgrupper rapporterer, er det likevel rimeleg grunn til å anta at dei individuelle tendensane til å svare i den eine eller andre retninga jamnar seg ut, slik at sjølvrapportering på yrkesnivå gir eit akseptabelt og påliteleg bilete av opplevinga av kor belastande dei enkelte yrkene med dei tilhøyrande arbeidsoppgåvene sine er. Samtidig må ein ta høgd for at individuelle tendensar til å rapportere i den eine eller andre retninga kan påverke samanlikninga av yrkesgruppene i noka grad. Ein viktig grunn til dette er at ulike seleksjonsmekanismar kan påverke om menneske jobbar i yrke med høg eller låg arbeidsbelastning. Individ med god helse vil ha lettare for å søkje og bli verande i jobbar med vanskelege eller tøffe arbeidsvilkår, særleg om ein blir godt kompenserte, til dømes i form av høg lønn. I den graden slike prosessar er viktige vil ein ikkje finne ein klar samanheng mellom belastande jobbar og høg førekomst av helseplager og sjukefråvær (ein såkalla healthy worker effekt). Ein motsett seleksjon kan skje viss dei mest ressurssterke individa tok dei beste og minst belastande jobbane. Dei med redusert helse og arbeidsevne vil då kunne ende opp med dei jobbane som gir størst risiko for dårleg helse og sjukefråvær, og ein vil då kunne overvurdere samanhengen mellom eksponering og dårleg helse. Begge desse effektane er relevante i arbeidsmiljøsamanheng.

Presentasjon av spørjeskjemadata er av og til basert på eit enkeltspørsmål, som måler den arbeidsmiljøfaktoren ein er interessert i. Ofte måler ein likevel ulike faktorar ved hjelp av fleire spørsmål for å få eit meir presist og dekkjande mål. I andre samanhengar kan det vere formålstenleg å slå saman fleire liknande aspekt ved arbeidsmiljøet til eit meir overordna samlemål.

«Indeks» betyr at vi har målt éin enkelt arbeidsmiljøfaktor ved hjelp av fleire spørsmål utvikla for å måle same faktor. Indeksane blir konstruerte ved at vi reknar ut ein gjennomsnittskår (spørsmåla blir vekta likt). Lav gjennomsnittskår indikerer lite eksponering (t.d. at ein sjeldan opplever rollekonflikt på jobb), medan ein høgare skår indikerer meir eksponering (t.d. at ein ofte opplever rollekonflikt på jobb). Som hovudregel viser vi prosentdelen som er mest eksponert (dvs. sysselsette som i gjennomsnitt er nokså ofte eller ofte utsett for faktoren det gjeld).

«Samla-indikator» betyr at vi har laga eit overordna mål som består av fleire spørsmål som måler ulike aspekt ved ein meir samansett indikator (t.d. at arbeidsrelaterte smerter i nakke, rygg, bein eller armar, blir slått saman til arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager). For desse samlemåla viser vi delen som er utsett for minst éin av dei oppgitte faktorane som inngår.

Mange av indikatorane i overvakingssystemet er basert på spørjeundersøkingar. Høg deltaking i slike undersøkingar er viktig for å auke sannsynet for at dei som deltar (utvalet) er representative for dei vi ønskjer å utvikle kunnskap om, dvs. norske sysselsette (populasjon). På ei anna side treng det ikkje vere slik at låg deltaking betyr skeiv deltaking. Dei to vanlegaste årsakene til fråfall er at folk ikkje ønskjer å delta eller at dei som utfører undersøkinga ikkje oppnår kontakt. For Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø (LKU-A) har utviklinga i svarprosent i perioden 2006 til 2019 vore avtakande, men med ein oppgang frå 2016 til 2019 (2003: 71 %; 2006: 67 %; 2009: 60 %; 2013: 53 %; 2016: 53 %; 2019: 57 %). Det er SSB som er ansvarleg for innsamlinga av data i LKU-A. I tillegg til rutinar for å auke svarprosent har ein òg utvikla metodar for å auke kvalitet på datagrunnlaget. For å prøve å korrigere for eventuelle skeievheiter som oppstår fordi nokon i utvalet ikkje svarer på undersøkinga, lagar SSB vekter som korrigerer for skeivheiter i utvalet som er knytt til faktorar som kjønn, alder, utdanning og region. Desse vektene blir nytta for å rekne ut nasjonale tal på delen av eksponerte og delen med helseplager og arbeidsskade i den norske yrkesbefolkninga. For å rekne ut eit mål på talet på eksponerte i befolkninga blir desse vekta delane med oppdaterte nasjonale sysselsetjingstal multipliserte (dvs. delen av eksponerte sysselsette i LKU-A x talet på sysselsette totalt).

Her kan du sjå dokumentasjonsrapportane for LKU-A på SSB sine nettsider.

I Faktaboka om arbeidsmiljø og helse 2021 og på nettsidene våre samanliknar vi informasjon om eksponering og helseutfall. Fleire av datakjeldene våre er såkalla tverrsnitts-undersøkingar, ein type observasjonsstudie der dei utvalde deltakarane svarer på spørreskjemaundersøkelsen på eit tidspunkt. Denne typen studiedesig blir ofte brukt for å kartleggje førekomsten av helseplager, sjukdom, skadar og risikofaktorar (eksponering) og gir eit bilete av førekomsten på det aktuelle tidspunktet. Eit viktig atterhald i denne samanstillinga av informasjon om eksponering og helseutfall er at hovudmålet er å gi ein deskriptiv framstilling av førekomsten av potensielt sjukdomsfremjande faktorar i norsk arbeidsliv, og dessutan førekomsten av arbeidsrelaterte helseplager, sjukdomar og skadar. Med andre ord er ikkje målet å dokumentere årsakssamanhengar mellom gitte arbeidsmiljøeksponeringer og helseutfall. Det betyr også at ein må tolke resultata nøkternt. Det vil seie, sjølv om dataa viser opphopning av både risikofaktorar og helseplager innan gitte yrke, er ikkje analysane eigna til å seie noko om årsakssamanhengar.

Her kan du lese meir om Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2021.

Resultata som blir presentert i Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2021, og på desse nettsidene, har i større eller mindre grad uvisse knytt til seg. I utvalsundersøkingar kan vi ikkje vite sikkert om det resultatet vi får er det same som vi ville fått om vi hadde gjort ei måling av heile populasjonen, dvs. alle individ vi ønskjer å utvikle kunnskap om. Tilfeldig variasjon gjer at vi må vente at resultata variere noko frå utvalt til utval. Jo mindre eit utval er, desto større blir uvissa knytt til resultata.

Når vi snakkar om gjennomsnittstal for heile yrkesbefolkninga vil desse som hovudregel vere ganske sikre, men det vil vere noko meir usikkert for eksponeringar og helseutfall som har låg førekomst.

Når vi presenterer ulike eksponeringar og helseutfall for detaljerte yrkesgrupper vil uvissa auke. For enkelte eksponeringar og helseutfall vil uvissa kunne bli betydeleg, men vi har likevel valt å presentere data på eit relativt detaljert nivå for å kunne presentere data for mest mogleg homogene yrkesgrupper.

Vanlegvis bruker ein konfidensintervall i formidling av statistisk uvisse. Eit konfidensintervall omfattar eit sett av verdiar som vi kan vere rimeleg sikre på inneheld den sanne verdien. Det kan vere utfordrande å formidle konseptet statistisk uvisse til målgrupper som ikkje er kjende med det frå før. Vi har derfor valt å ikkje å oppgi slike mål i figurane og tabellane våre, men i staden la figurar og tabellar blir følgde av gode forklarande tekstar som skal hjelpe lesaren å forstå resultata. For den spesielt interesserte lesar har SSB laga ei tabelloversikt som viser korleis den statistiske uvissa varierer for observerte prosentdelar ved ulike utvalsstorleikar, sjå KAP 5.5. i dokumentasjonsrapporten frå Statistisk sentralbyrå (PDF).

Alle datasett blir omarbeidde for å sikre at ingen opplysningar kan knytast til identifiserbare personar. NOA presenterer og publiserer aggregerte data i både Faktabok og arbeidsmiljø og -helse, og på nettsidene våre. Figurar og statistikktabellar for ulike indikatorar vil berre vise dersom det er fire eller fleire personar innanfor svarkategorien som blir presentert. Det vil derfor kunne mangle tal i nokre figurar og tabellar fordi det då har vore for få observasjonar i ei gruppe til at vi kan presentere data.

For å overvake arbeidsmiljøet har NOA oppretta 47 yrkesgrupper og 29 næringsgrupper. Desse gruppene er baserte på standardiserte yrkes- og næringskodar.

For å kunne skildre arbeidsmiljø og helse blant yrkesaktive i Noreg, hentar STAMI inn data frå ulike datakjelder, både spørjeskjemabaserte og registerbaserte. Hovudkjelda til informasjon om arbeidsmiljø, helseplager og arbeidsrelatert sjukefråvær er data frå Levekårsundersøkelsen med tema arbeidsmiljø, som blir gjennomført av Statistisk sentralbyrå (SSB) kvart tredje år. Informasjon om sjukdom er mellom anna basert på registerdata frå Norsk pasientregister (NPR) og registerbasert sjukefråvær er henta frå NAV sitt sjukefråværsregister.

Her kan du lese meir om alle datakjeldene i NOAs overvakingssystem.