Gå til innhold
Meny

Kreftregisteret

Data er henta frå statistikkbanken til Kreftregisteret. Kreftregisteret er ikkje ansvarleg for presentasjonen eller tolkinga av opplysningane.

Kreftregisteret får informasjon om nye krefttilfelle i Noreg fra legar som utgreiar, behandlar og følgjer opp kreftpasientar i spesialist- og primærhelsetenesta, frå patologilaboratorier (analysesvar fra vevsprøver) og frå andre helseregister. Kreftregisteret er estimert å vere 99 prosent komplett for alle kreftformar samla.

Frå Kreftregisteret har vi fått utlevert årleg statistikk over tal på nye tilfelle og årlege aldersjusterte insidensrater for den sterkt arbeidsrelaterte kreftdiagnosen mesoteliom (brysthinnekreft, diagnosekode ICD10: C45) etter kjønn og aldersgruppe. Tala er henta frå Kreftregisteret sine dynamiske databaser og kan derfor skille seg noko frå tala som finst i Kreftregisteret sine trykte publikasjonar.

Her kan du gå til statistikkbanken på Kreftregisteret sine nettsider.