Gå til innhold
Meny

Norsk pasientregister (NPR)

Norsk pasientregister (NPR) er eit personidentifiserbart, sentralt helseregister som inneheld helseopplysingar om alle pasientar som ventar på eller har fått behandling i spesialisthelsetenesta.

Datagrunnlaget vårt tar utgangspunkt i alle personar i yrkesaktiv alder busett i Noreg mellom 2000 og 2010. Fødselsår er derfor frå 1930 til 1992. Blant desse har vi valt ut personar som var sysselette (med gyldig yrkeskode) i 2014. Frå registeret presenterer vi statistikk over behandlingar i perioden 2014–2015 etter yrke for nokre utvalde diagnosar. Desse diagnosane er valt ut fordi dei ofte er arbeidsrelaterte.

STAMI er ansvarleg for tolking og presentasjon av utlevert data. Norsk pasientregister har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar basert på utlevert data.

NPR bruker eit eldre kodesett for yrkesklassifisering (STYRK98) enn andre datakjelder der STAMI, NOA rapporterer på yrker (basert på STYRK08). Dette betyr at det ikkje er fullt samsvar mellom yrkesgruppene.

Kva er spesialisthelsetenesta?

Spesialisthelsetenesta er organisert i fire regionale helseføretak som er eigde av staten. Den omfattar sjukehus, distriktspsykiatriske senter, opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar, institusjonar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling, prehospitale tenestar, privatpraktiserande spesialistar og laboratorie- og røntgenverksemd. For tilstandar (både fysiske og psykiske) som krev spesialisert behandling, blir pasienten tilvist frå den kommunale helse- og omsorgstenesta. Spesialisthelsetenesta skal sørge for diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med akutte, alvorlege og kroniske sjukdomar og helseplager.